Om Solveig

Hei!


Eg heiter Solveig Johanne Håvik Grønstøl
, og eg skriv  livspoesi. Eg er utdanna norsk- og religionslærar for vidaregåande og ungdomsskule, og har også utdanning innan skriving/lesing og administrasjon og leiing. Med tida har det blitt fire bøker, ein CD med eigenkomponert musikk. I tillegg har eg vore tekstforfattar for scenekunst, skriv fast for NRK radio og held skrivekurs innan utforskande skriving. 

Eg er fullblods vestlending, med to "rotarmar", fordelt på Nordfjord og Sunnhordland.  Eg kjenner meg djupt forankra i det vestnorske landskapet, noko eg trur du kan merka i tekstane mine. No bur eg på Bømlo, er gift og har tre vaksne barn, to svigersønner og eitt barnebarn.

Dikta mine har dei seinare åra funne veg til fleire utgjevingar, både antologiar, tidsskrift og fagbøker, og vert brukt i gravferder, vigslar, i behandling og rehabilitering, for å nemna noko. 

Lesarane seier om meg at eg har ei særeigen evne til å fanga det sanselege og jordnære.  I dikta mine brukar eg ofte naturen som bakteppe og metafor for å utforska menneskelege kjensler og relasjonar. Poesien vert skildra som enkel og lett tilgjengeleg, men samtidig med djupare meining og rom for tolking. Eg  illustrerer bøkene mine med mine eigne fotografiar, noko som skapar ei heilskapleg estetisk oppleving.

På Facebook finn de meg under namnet Kvild – Solveig Johanne Grønstøl og på Instagram @solveiggr. 

 


Prosjekt

Tilfluktsstad. CD. Tekstforfattar og komponist. Prokla Media forlag. 2008.
Kvild. Korte tekstar om livet, og om tru og tvil. Eige forlag. 2015.
Når dagane ikkje finst. Dikt. Tekst forlag. 2021.
LAND. Tekstforfattar for scenekunst. Anna-Lise Marie Dance/Moster 2024. Moster Amfi 2022/2024.
Det lettar snart. Dikt. Kvild forlag. 2023.
Det som er no. Dikt. Kvild forlag. 2024