Bøkene
«NÅR DAGANE IKKJE FINST» , Tekst forlag, 2021
«då kom du
og haldt
ljoset mitt»
Når dagane ikkje finst», er ei bok om å mista og om å finna, om livssorg og livsglede og ei reise mellom håplaust mørker og nytt håp.
Forfattar og parterapeut Bjørk Matheasdatter, som har brukt fleire av Solveig sine dikt i si nyaste bok Å løfte og bli løftet (Gyldendal), seier dette: «Solveig Johanne Grønstøl sin poesi minner meg om diktene til Hans Børli. Som han ser hun det store i det lille på et enkelt og samtidig genialt vis. Ordene hennes løfter livet frem og gir varme og styrke til den som leser.»
Solveig Johanne Grønstøl (f. 1978) bur på Bømlo, men har røtene sine i Nordfjord og Sunnhordland. Ho er utdanna lærar, og har tidlegare gitt ut ein CD med eige låtmateriale, samt boka Kvild, som kom i 2015. «Når dagane ikkje finst» blir gitt ut på Tekst forlag, og er Solveig si første diktbok.
Bestill på tekstforlag.no eller i nettbokhandel.
Kvild, 2015, «NÆRT, VARMT OG KJENNSLIGT!»
Kabb seier om boka: «Kvild er ei bok som inneholder små stubber og vers om det å ta seg tid til det viktige i livet, og så kan vi jo hver og en avgjøre hva som er viktig. Som forfatteren sier – «Før i tida, då folk stod opp og la seg med sola, var kvild eit omgrep. Det var ei tid tida måtte stå stille, ei tid hender og kroppar skulle kvile frå dagleg strev. Bestemor mi måtte ha seg ei kvild både titt og ofte. Og eg, eg fann alltid kvild i hennar varme kjøken».
Ein lesar skriv: «Dette var virkelig et lys i mørket. Det ble noen tårer av både glede, gjenkjennelse og sorg da jeg leste….»
Ein anna lesar skriv: «Fantastisk bok! Ligg på kjøkkenbordet og er allerede brukt fleire gonger. Så nært, varmt og kjennsligt
Kvild er solgt i 1000 eksemplar og no heilt utsolgt.